Thomas Hasting
Thomas Hastings (1784–1872) var amerikansk kyrkjemusikar, komponist og salmediktar, fødd i Washington i Connecticut og død i New York. Han skreiv omlag 1000 melodiar og nærare 200 salmetekstar, og er mest kjend for melodien TOPLADY til «Rock of Ages». Namnet er feilstava i registeret; rett form er Hastings med s.