SangBoken Alle sangene, gratis i appen
SangBoken Sanger

Olai Aalen

1874–1949 · Lærar, lyrikar og salmediktar · Norge

Olai Aa. Aalen (22. februar 1874 - 6. september 1949) var ein norsk lærar og nynorsk diktar frå Vevring i Naustdal. Han tok eksamen ved Stord lærarskule i 1895 og var lærar i Holsen, Eikefjord, Vanylven og på Rennesøy, og frå 1913 til 1929 ved Våland skole i Stavanger; i 1929 flytta han til Oslo. Han gav ut diktsamlingane Glør (1913), Kristlyndt mod (1917), Firkløverblad (1944) og Solovring (1945), og fleire av salmane og songane hans kom inn i Sangboken og i ungdoms- og fråhaldssongbøker. Sønene Leiv Aalen og Sverre Aalen vart begge teologiprofessorar.

3 sanger