Julie von Hausmann
Julie Katharina Hausmann (1826–1901) var ein tysk-baltisk salmediktar, fødd i Riga og oppvaksen i Mitau (Jelgava) i Kurland. Ho høyrde til den tyskspråklege deutsch-balte-minoriteten og skreiv på tysk, men var russisk undersått og budde aldri i Tyskland; ho døydde under eit feriehald i Võsu i Estland og ligg gravlagd ved Illumäe nær Palmse. Dikta hennar vart gjevne ut av den berlinske presten Gustav Knak i samlinga «Maiblumen» (1862), der «So nimm denn meine Hände» stod – den einaste salmen av ein baltisk diktar i Norsk Salmebok.