Johan Sebastian Welhaven
Norsk lyrikar og litteraturkritikar, fødd 22. desember 1807 i Bergen som son av presten Johan Ernst Welhaven, død 21. oktober 1873 i Christiania. Ein av dei sentrale diktarane i norsk litteratur i fyrste halvdel av 1800-talet og Henrik Wergelands motpol i "stumpefeiden"; kjend for sonettsyklusen Norges Dæmring (1834). Konstituert lektor i filosofi ved Det Kgl. Frederiks Universitet 1840, professor frå 1846. Skreiv òg nokre salmar og religiøse dikt.