Johan Kahl
Svensk salmediktar, fødd 26. juni 1721 og død 9. september 1746. Son av ein rådmann i Visby på Gotland; arbeidde som skrivar i revisjonsverket i Stockholm. Han dikta om lag 50 songar før han drukna under ein segltur, berre 25 år gammal. Representert i den herrnhutiske samlinga Sions Sånger 1745, i 1819 och 1937 års psalmböcker og med seks salmar i den finske salmeboka. Må ikkje forvekslast med målaren Johan "Janne" Kahl (1831-1905), som òg var frå Visby.