Johan Andreas Neergaard Fibiger
Dansk prest, fødd 7. februar 1868 og død 23. juni 1937 på Frederiksberg. Cand.theol. 1892, knytt til Indre Mission frå tidleg av og ein av rørslas mest brukte talsmenn. Andreprest ved Matthæuskirken i København frå 1898 og sokneprest i det nye Elias sokn 1908-1933. Gav ut ei lang rekkje preike- og oppbyggingsbøker og sat i styret for m.a. Indre Mission, Københavns Kirkefond og Kristeligt Dagblad. Ikkje å forveksle med legen og nobelprisvinnaren Johannes Andreas Grib Fibiger (1867-1928) eller presten Johannes Henrik Tauber Fibiger (1821-1897).