Ira David Sankey
Ira David Sankey (1840-1908) var ein amerikansk evangelisk songar og komponist, kjend for det lange samarbeidet med predikanten Dwight L. Moody under vekkingskampanjar i USA og Storbritannia i siste halvdel av 1800-talet. Han gav ut songsamlingane Sacred Songs and Solos og Gospel Hymns, som vart spreidde over heile den engelsktalande verda og i omsetjing til nordiske bedehussongboker. Han var pioner for ein musikkstil som prega vekkingsrorsla i generasjonar.