Howard S. Olson
Howard S. Olson (18. juli 1922 - 1. juli 2010) var ein amerikansk luthersk misjonær og teologilærar som verka mange tiår i Aust-Afrika, mellom anna ved Lutheran Theological College i Makumira i Tanzania. Han hadde B.A. frå Gustavus Adolphus College, M.Div. frå Augustana Seminary og doktorgrad frå Hartford Seminary (1965). Han omsette og gjendikta ei lang rekkje afrikanske, særleg swahilispråklege, salmar til engelsk og gav ut samlinga Set Free (Augsburg Fortress, 1993).