Gudveig Mundal
Gudveig Mundal var norsk lærar og forfattar frå Sogn. Ho gav ut den nynorske diktsamlinga "Tone og tru" (Lunde, Bergen 1932) og er i Nasjonalbiblioteket sin katalog ført som medverkande forfattar i Sangboken - Syng for Herren (utgåvene 1950, 1983 og 2014) og omtala i Lundes sang- og salmeleksikon (1997). Lokalhistoriewiki identifiserer ei Gudveig Mundal (1898-1967) frå Sogn som lærar ved Mo skule på Vegårshei 1925-1960, svært musikalsk, leiar for barnekor og lenge organist i Vegårshei kyrkje; namnet er sjeldsynt og Bibsys har berre éin autoritetspost, så dette er truleg same person, men samank