Godfrey Thring
Godfrey Thring var engelsk anglikansk prest og salmediktar, fødd 25. mars 1823 i Alford i Somerset og død 13. september 1903 i Shamley Green i Surrey. Han var son til soknepresten i Alford, vart utdanna ved Shrewsbury School og Balliol College i Oxford, var sjølv rektor i Alford frå 1858 og prebendar ved Wells-katedralen frå 1876. Salmesamlingane hans er "Hymns Congregational and Others" (1866), "Hymns and Verses" (1866) og "Hymns and Sacred Lyrics" (1874).