Edward Perronet
Edward Perronet (1721-1792) var ein engelsk predikant og salmediktar av hugenottætt, son av Vincent Perronet og ein periode medarbeidar av John og Charles Wesley. Han er kjend for «All Hail the Power of Jesus' Name» (1779-1780), ofte kalla kristendommens nasjonalsong. Han er gravlagd ved Canterbury-katedralen. Merk at eldre hymnologisk litteratur, mellom anna Lundes sang- og salmeleksikon, oppgir fødselsaret 1726.