Edward Ottosen Schwartzkopf
Edvard Ottosen Schwartzkopf (1700-1753) var ein dansk-norsk lærar og forfattar, fødd pa Manger i Nordhordland. Han tok studenteksamen i 1721, studerte teologi i København og var lærar ved Vajsenhuset fra 1727 til han i 1733 vart avsett for a ha medverka til eit anonymt herrnhutisk skrift; deretter livnærte han seg som skrivande «studiosus emeritus». Han etterlet seg eit handskrift med 124 omsette salmar, og er representert i Norsk Salmebok med ein omsett salme. Merk at norske og danske kjelder omtalar han som dansk-norsk - forfattarlista til Norsk salmebok 2013 fører nasjonaliteten hans som «d